top of page

Reglar for booking og avbestilling

Booking

  • Ansvarleg bestillar må vere myndig.

  • Ein bestiller via on-line booking, e-post, eventuelt telefon.

  • Ein skriftleg booking er bindande for begge partar.

  • Bestillingen reknast som fullført når den er vorte skriftleg bekrefta av Sognefjord Ferie.

  • Reservasjonar er ikkje omfatta av lov om Angrerettslova, jf. § 19, 2 ledd

Ankomst /avreise

  • Hytta / leilegheita står til gjesten sin disposisjon frå kl.16:00 ankomstdagen. Tidlegare ankomst må avtalast.

  • Utsjekk seinast kl.12:00 avreisedagen. Ved ønskje om seinare utsjekk må dette avtalast.

  • Ved ankomst skal gjesten betale for opphaldet i henhald til avtalen.

  • Ved ankomst seinare enn kl.18:00, må gjesten gje beskjed til Sognefjord Ferie.

  • Gjest må sørge for å handle inn mat og anna før ankomst. Butikkar i nærleiken har korte opningstider. 

Avbestilling og ikkje oppmøte:

 

Ved opphald over 7 dagar:

  • Gjesten har bestilt lang tid i forvegen og det er betalt depositum på ca. 20%.

  • Dersom det vert gjort avbestilling innan 6 mnd før akomst, tilbakebetalast depositumet, minus eventuelle påløpte avgifter.

  • Dersom avbestilling mindre enn 6 mnd før ankomst vil ikkje depositumet bli tilbakebetalt.

  • Full pris for utleige må innbetalast innan1 mnd før ankomst.

  • Ved avbestilling etter dette må gjesten betale 100% av opphaldet.

Ved opphald på 6 dager eller mindre :

  • Ved bestilling betaler gjesten 100% av opphaldet.

  • Gjesten kan fritt endre/avbestille inntil 7 dagar før ankomst og opphaldet tilbakebetalast. minus eventuelle påløpte avgifter.

  • Ved endring/avbestilling seinare enn 7 dagar før, tilbakebetalast 50% av opphaldet.

  • Ved endring/avbestilling seinare enn 3 dagar før ankomst, betalast 100% av opphaldet.

  • Ved ikkje oppmøte (no show), betalast 100% av opphaldet.

  • Endringar og avbestilling skal meddelast Sognefjord Ferie skriftleg pr.mail for å være gyldig.

Ved sjukdom betalast opphaldet av gjesten, så fremt ikkje endring/ avbestilling skjer innan nevnte fristar over.

Gjesten er sjølv ansvarleg for å ha gyldig reiseforsikring i tilfelle avbestilling etter gjeldande fristar.

bottom of page