PANORAMA UTSIKT
OVERNATTING
Alle våre rom ligg heilt i vannkanten. Våkn opp til ro og bølgeskvulp. Du kan velje å bu i våre tradisjonelle hytter, eller i ein av våre moderne leiligheiter. Her har vi rom for både familier, vennegjengen som reiser sammen, eller deg som treng ein plass å bu under arbeid.
Vi har og ein mindre studioleilighet som har
plass til to.
Sognefjord Panorama - leiligheter med panoramautsikt
Våkn opp til fantastisk utsikt over Sognefjorden rett ved vannkanten. Våre leilegheiter er moderne med store vindauge som vender mot Sognefjorden. Du kan nyte morgonane på terrassen, ta eit bad i fjorden, leige ein båt for å utforske omgivnadene, eller gå på tur i den nærliggjande naturen. Avslutt kvelden med ein spektakulær solnedgang.
Leilegheitene passar for opptil seks personar fordelt på tre soverom, eller du kan bu to personar i eitt soverom i vår studioleilegheit.
Hjartholm Feriehytter
Tilbring natta i ei av våre tradisjonelle hytter, med trepanel og ei koseleg atmosfære. Nyt ein stor terrasse heilt i vannkanten og fantastisk utsikt. Etter eit ettermiddagsbad kan du varme deg opp i ei innandørs badstu.
Ta med familien eller venene dine, dei større hyttene har plass til opptil åtte gjester, og dei mindre inntil seks gjester.
Marinaen er rett utanfor, så om du vil nyte ein dag til sjøss, kan du leige ein båt med fiskeutstyr og prøve fiskelykka di.