top of page

Velkommen til oss!

Hjartholmsbygda

 

Hjartholm er ei lita bygd i Gulen kommune med storslått utsikt innover i Sognefjorden.

I 1948 kom Arne Hjartholm til verda og han voks opp her med sin familie. I vaksen alder tok han tømrarfagbrev og budde og jobba i Bergen.

Der traff han sin Aud som jobba i byen som kokk. Dei gifta seg og flytta saman. Lengselen til Hjartholm vart for stor, og i 1976 fekk dei moglegheit til å kjøpe eit gamalt gardsbruk på Hjartholm. Garden bestod av gamle bygningar og alt måtte byggjast opp frå grunnen av.

Frå 1973 -1979 fekk Aud og Arne fire born. Det var trange kår, men dei hadde visjonar for gården og etter kvart vart gardshuset renovert og ny fjøs bygd opp. Dei starta med sauedrift og seinare gjekk dei over til mjølkeproduksjon.

Arne er ein driftig kar og har av enkelte vorte kalla muldvarpen då han stadig er å sjå med gravemaskin rundt omkring på områder han eig på Hjartholm. I 1997 starta han på eit stort hytteprosjekt med uvurderleg hjelp frå kona Aud. Dei har saman bygd opp Hjartholm Feriehytter som er vorte ein populær plass for folk som liker å fiske og gå i fjellet. Dei la etter kvart ned gardsdrift og konsentrerte seg om hyttegjestane og nye prosjekt.

Arne og Aud trivast så godt med turisme at draumen om Sognefjord Panorama byrja å ta form.

Sognefjord Panorama vil stå klar til utleige sommaren 2020. Her er det fire flotte leilegheiter over 2 plan med 3 soverom og 2 bad. Flott terrasse der ein kan nyte solnedgangen i Sognefjorden eller vind og uvær over fjorden. Der vert og båthamn og god sløyeplass under tak. Er ein færre kan ein leige studioleiligheten på toppen, med eit soverom.

Midt i bygget blir det etter kvart ein resepsjon / felles samlingsplass der vi som vertskap kan invitere på hyggeleg samvær, eller firma kan arrangere konferanse /møte i hyggelege omgjevnadar.

Familien Hjartholm står alltid klar for å ønskje gjestane velkommen og sørgar for at opphaldet vert så minnerikt som mogleg. Erfaringa vår er at gjestane kjem tilbake år etter år og det tenker vi talar for seg!

Velkommen!

Hjartholm.jpg
gamalt bilete av hjartholm.jpg
feriehytter.jpg
Arne%201_edited.jpg
Aud.JPG
s%C3%B8sken_edited.jpg
barnebarn_edited.jpg
Søtekollen_solveig_og_stina_edited.jpg
bottom of page